Language: NOR | ENG

Grimsmo Jørgensen om krenking

Høgskolelektor Ingrid Grimsmo Jørgensen har heldt ei rekke foredrag, skrive kronikk og leia planleggingsdagar om inkludering, krenking og mobbing i januar og februar.

  • 2. januar leia ho ein planleggingsdag for tilsette i Sel kommune. Tema for dagen var inkluderande barnehage- og skolemiljø fritt for krenkingar
  • 10. januar publiserte ho kronikken « Inkluderende oppvekst i Oppland» i avisa GD saman med Eva Bueie Nygård, mobbeombud i Oppland, Bjarne Nyrud, rektor Øyer kommune, Eirin Førsund Feiring, elev og lærlingombud i Oppland, Jane Camilla Bjerke Bergh, KS, og Mari Kleiven Berg, Fylkesmannen i Innlandet
  • 15. januar heldt ho foredraget «Samarbeid og dialog med foreldre i miljøsaker» for deltakarar i det samslingsbaserte tilbodet « Inkluderende barnehage- og skolemiljø» i regi av Utdanningsdirektoratet. 
  • 23. januar heldt ho foredraget «Samarbeid med foreldre i miljøsaker» for foreldre i Hurdal kommune
  • 29. januar heldt ho foredraget «Digital mobbing» på ein fagdag om digitalisering for tilsette i Gjøvik kommune 
  • 5. februar leia ho ein planleggingsdag om dialogiske samtalar med elevar i handsaming av miljøsaker, for tilsette ved Træleborg skole i Tønsberg kommune
Sist endret: .